-
BUA utstyrsentral
Hos BUA Florø kan du låne gratis sports- og friluftsutstyr. Målgruppa er barn og unge, men alle kan låne utstyr så lenge ein er over 18 år, og har registrert adresse i Norge. BUA Florø har utstyr til både land- og sjøaktivitet, til overnatting, fjelltur, leik og moro!
Transport til aktivitet
Har du lyst å komme deg på aktivitet, men trenger transport for å komme deg dit? Eller er du ein frivillig som kunne henta personar heime og kjørt dei på aktivitet?Aldersgruppe: For alle
Ønskjer transport
Trenger du transport for å komme deg på ein kjekk aktivitet eller arrangement, så kan du få hjelp til det.
Register deg her for å bestille transport: https://kinn.kommune.no/skjema/skjema/KINN032/
Kan bidra med transport
Kunne du tenkje deg å bidra med å få frakta personar som bur heime til ein kjekk aktivitet eller på eit kulturarrangement? Då kan du melde deg som frivillig. Utgiftene du som frivillig vil bli dekka av kommunen.
Del på:
-
Fritidstilbod for alle barn i Kinn!
Kinn kommune har tilbod om gratis deltaking i jamnleg organisert aktivitet for barn og unge under 18 år!
-
Frivillig på institusjon?
Vi trenger frivillige som har lyst å bidra på institusjonane for å skape sosiale møteplassar og gode opplevingar. Du kan enten vere frivillig gjennom ein organisasjon eller direkte på institusjon.
-
Frivillige organisasjonar med kultur og aktivitetstilbod
Frivillige organisasjonar med kultur-og aktivitetstilbod som er retta mot vaksne i Florø og omegn. Florø Frivilligsentral håpar denne oversikten kan vere til hjelp i arbeidet med å ha aktive, sosiale og gode kvardagar. Har du lyst å bli frivillig eller ønskjer du meir informasjon, ta kontakt! Ein slik oversikt famnar ikkje om alle organisasjonar i kommunen, kom difor med innspel til oss!
-
Lyst å gå saman med nokon på aktivitet?
Er du ein frivillig som har lyst å gå saman med nokon på kulturarrangement eller sosiale aktivitetar? Eller er du ein person som ønskjer å gå på kulturarrangement og aktivitetar, men vil ha nokon å gå saman med?