-
Vi trenger glade hender og mjuke knær!
Takk til Florø Rotary for flott initiativ til å invitere til dugnad i kirkeparken. Sjå plakat for meir informasjon. Velkommen!
Friluftsskule 2024
Barn og unge skal bli glade i friluftsliv!Fjordane Friluftsråd arrangerar to Friluftsskular i Kinn kommune sommaren 2024. Friluftsskulen er eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9-13 år som går over tre dagar med ei overnatting. Vi vil inspirere til at born og unge kan få eit nært og godt forhold til naturen gjennom kjekke aktiviteter, ferdsel i friluft og gode opplevingar. Det er gratis påmelding til Friluftsskulane.
Påmeldinga finn du her:
Florø: https://fjordanefriluftsrad.hoopla.no/event/2325497915
Måløy: https://fjordanefriluftsrad.hoopla.no/event/3931322997
Del på:
-
Visste du at Kinn har sin eigen lokale fritidserklæring?
Fritidserklæringen skal sikre at alle barn har tilbod om organisert aktivitet på tross av økonomiske eller sosiale utfordringar. Frivilligsentralane i Kinn koordinerar dette arbeidet i samarbeid med frivillige organisasjonar og tenestene i kommunen. Om du kjenner eit barn som ikkje er organisert i noko fritidstilbod, så ta gjerne kontakt med oss!
-
Velkommen til vår nye frivilligkoordinator Hanne-Cecilie!
Endeleg er Hanne-Cecilie på plass og vi ønskjer ho velkommen til kultur, idrett og fritidsavdelinga i Kinn kommune!
-
Årsrapport for Florø frivilligsentral 2023 er klar og vi er stolt og kry!
Årsrapporten oppsummerar Florø frivilligsentral på ein god måte og vi er ikkje anna enn stolte av alt vi har fått til i samhandling med frivilligeheita, tenestene og innbyggarane våre! God lesning.
-
Oversikt over mange kjekke faste aktivitetar!
Vi har laga ein fin oversikt på nokon av aktivitetane som er gratis (med nokon unntak) og open for alle! Klikk på dokumentet for å sjå oversikten. Velkommen!