Frivillig på institusjon?

Vi trenger frivillige som har lyst å bidra på institusjonane for å skape sosiale møteplassar og gode opplevingar. Du kan enten vere frivillig gjennom ein organisasjon eller direkte på institusjon.

Aldersgruppe: For alle

Ver frivillig gjennom ein organisasjon

I Florø er det ein organisasjon som har ansvaret for frivillig aktivitet på kvar institusjon. På Furuhaugane omsorgssenter er dette Krokane Sanitetsforening som mellom anna arrangerar søndagskaffi. 

Florø omsorgssenter har Flora Røde kors som sin "fadderorganisasjon" Dei har kaffislaberas og arrangerar kino. 

I Markegata 55 og Docen er det Rebekkalogen som arrangerar møteplassar på fellesområdet til dei som bur der. 

I Eikefjord samarbeidar fleire frivillige organisasjonar om aktivitetane på omsorgsbustadene, der også Allhuset er mykje brukt. Her kan du vere frivillig for Eikefjord pensjonistlag, Røde Kors og fleire sanitetsforeningar. 

Ver frivillig direkte på institusjon

Du kan vere frivillig direkte på ein av institusjonane. Då vil du få tildelt ein kontaktperson som er tilsett og som vil følgje deg opp. 

Meld deg som frivillig her: Skjema Kinn kommune



Flere aktiviteter
2024 © Florø frivilligsentral