Har du for liten plass i kleskapet ditt?

Har du klede du ikkje brukar lenger, som berre tar opp plass i skapet ditt?

Då kan du levere kleda til Solbakken asylmottak!

Det er mest behov for klede/sko til menn og barn/ungdom. Kleda må vere utan hol og reine. Desse type klede/sko blir tatt imot med stor interesse: Bukser, t-skjorter, genserar og ytterklede (regnklede, alle typar ull, turklede, støvlar og gode tursko) 

Kontakt: Har du spørsmål eller vil avtale levering til asylmottaket, send melding til aktivitetsansvarleg Malin Standal på mobil:  901 76613 eller e-post: malin.standal@kinn.kommune.no


2024 © Florø frivilligsentral