-
Friluftsskule 2024
Barn og unge skal bli glade i friluftsliv!
Oppstart av ny møteplass for kvinner på dagtid i Røde Kors
Flora Røde Kors Omsorg i samarbeid med Flora Frivilligsentral inviterer kvinner som er heime på dagtid til ein sosial og aktiv møteplass! Kvar måndag klokka kl. 1200 - 1400 på Røde Kors - huset i Florø. Første samling blir måndag 11. november!Vi ser behov for eit tilbod for kvinner som er heime på dagtid, der dei kan møtast, ta opp forskjellige tema, lage god mat og byggje eit sosialt nettverk. Målet er å skape eit trygt sosialt forum for kvinner der dei kan:
- byggje sosialt nettverk og oppleve tilhøyring i eit dynamisk fellesskap
- kan dele kvardagslege opplevingar og drøfte aktuelle saker i nærmiljøet.
- får tur og kulturopplevingar saman med andre.
- få oppdatert kvarandre om ting som skjer av aktivitetar i nærmiljøet
- få inspirasjon til å vere med på fleire aktivitetar i kvardagen
Vi vil ha fokus på servering av god mat, gjerne som blir laga på møteplassen.
Kontakt Siri Laquian Stavang: 45877783/ siri.stavang@flora.kommune.no eller Bente Nilsen: 90222692/ bente.nilsen@flora.kommune.no dersom dere har spørsmål eller har lyst å bli frivillig på denne aktiviteten. Som frivillig i Flora Røde Kors får du muligheit til opplæring, delta på kurs og faglege samlingar og kjekke aktivitetar i sosialt fellesskap. Les meir om fellesskap og inkludering her.
Del på:
-
Vi trenger glade hender og mjuke knær!
Takk til Florø Rotary for flott initiativ til å invitere til dugnad i kirkeparken. Sjå plakat for meir informasjon. Velkommen!
-
Visste du at Kinn har sin eigen lokale fritidserklæring?
Fritidserklæringen skal sikre at alle barn har tilbod om organisert aktivitet på tross av økonomiske eller sosiale utfordringar. Frivilligsentralane i Kinn koordinerar dette arbeidet i samarbeid med frivillige organisasjonar og tenestene i kommunen. Om du kjenner eit barn som ikkje er organisert i noko fritidstilbod, så ta gjerne kontakt med oss!
-
Velkommen til vår nye frivilligkoordinator Hanne-Cecilie!
Endeleg er Hanne-Cecilie på plass og vi ønskjer ho velkommen til kultur, idrett og fritidsavdelinga i Kinn kommune!
-
Årsrapport for Florø frivilligsentral 2023 er klar og vi er stolt og kry!
Årsrapporten oppsummerar Florø frivilligsentral på ein god måte og vi er ikkje anna enn stolte av alt vi har fått til i samhandling med frivilligeheita, tenestene og innbyggarane våre! God lesning.