-
Friluftsskule 2024
Barn og unge skal bli glade i friluftsliv!
Velkommen til alle som vil vite meir om frivilligheit i Omsorg!
Frivillig engasjement er med å skape gode lokalsamfunn, å førebygge og skape gode kvardagar for mange! Difor vil vi no invitere dei frivillige organisasjonane! Vi møtes på Havglytt 21. november klokka 1900.Vi veit at det skjer mykje, men vi har ikkje full oversikt over alle gode aktivitetar og arrangement som finns.
Kan vi skape aktivitetar for fleire generasjonar og kulturar? Korleis kan vi løfte det frivillige samarbeidet i eldreomsorga?
Kva aktivitetar har eigentleg dei frivillige organisasjonane for seniorar? Kva aktivitetar er det behov for i eldreomsorga, og kva kan frivillige organisasjonar bidra med? Saman kan vi få til mykje! Velkommen!
Del på:
-
Vi trenger glade hender og mjuke knær!
Takk til Florø Rotary for flott initiativ til å invitere til dugnad i kirkeparken. Sjå plakat for meir informasjon. Velkommen!
-
Visste du at Kinn har sin eigen lokale fritidserklæring?
Fritidserklæringen skal sikre at alle barn har tilbod om organisert aktivitet på tross av økonomiske eller sosiale utfordringar. Frivilligsentralane i Kinn koordinerar dette arbeidet i samarbeid med frivillige organisasjonar og tenestene i kommunen. Om du kjenner eit barn som ikkje er organisert i noko fritidstilbod, så ta gjerne kontakt med oss!
-
Velkommen til vår nye frivilligkoordinator Hanne-Cecilie!
Endeleg er Hanne-Cecilie på plass og vi ønskjer ho velkommen til kultur, idrett og fritidsavdelinga i Kinn kommune!
-
Årsrapport for Florø frivilligsentral 2023 er klar og vi er stolt og kry!
Årsrapporten oppsummerar Florø frivilligsentral på ein god måte og vi er ikkje anna enn stolte av alt vi har fått til i samhandling med frivilligeheita, tenestene og innbyggarane våre! God lesning.