Velkommen til Frivillig Florø 5. september

Ta turen til sentrum laurdag 5. september kl. 1200 - 1400. Det blir gågate og vi inviterer små og store til liv og røre med Frivillig Florø i Strandgata og på Haffen.

Lag og organisasjonar viser fram sitt mangfald av aktivitetar og tilbod, fortel kva dei driv med og gjer seg synleg.  Det blir musikkinnslag og organisasjonane konkurrar om å ha den beste og mest kreative standen der vinnaren får kr 5000,- til sin organisasjon. Og det ryktas at fleire av organisasjonane har hemmelege ting på gang.

Lag og organisasjonar er med på å skape identitet og tilhøyre og er utroleg viktige for samfunnet. Vi ønskjer å få satt søkelyset på frivilligheita og tilboda deira, og der de får mulegheit til å vise seg fram for nye tilflyttarar og lokale innbyggarar.

Haffen har tatt initiativ til å arrangerer «Byttekrok» der alle er velkomne til å ta med seg sko og klede som dei ikkje brukar lenger, og bytte til seg det som måtte passe. Eit svært godt og miljøvennleg initiativ. Alle som kjem blir oppmoda om å ta med seg handlenett sjølve. Det vil sjølvsagt vere rutinar for å hindre korona- smitte.

Frivillig Florø er eit samarbeid med Florø Frivilligsentral, Haffen ungdomshus og Byen vår Florø.

Vi kjem, kjem du?

2024 © Florø frivilligsentral