-
Velkommen til vår nye frivilligkoordinator Hanne-Cecilie!
Endeleg er Hanne-Cecilie på plass og vi ønskjer ho velkommen til kultur, idrett og fritidsavdelinga i Kinn kommune!
Vi feirar "Leve heile livet" ei heile veke i Kinn kommune!
Kinn kommune inviterer til «LEVE HELE LIVET» veka 2021 1.-7. oktober. Velkomen til ei fullspekka veke med arrangement med ulike tema innan kultur, helse, etikk og aldersvenleg samfunn.Det skal vere godt å bu i Kinn også når vi får liv til åra. I Kinn som i landet elles har vi ein pågåande kvailitetsreform «Leve hele livet» som skal bidra til å meistre livet lenger og kjenne oss trygge at vi får god hjelp når vi treng det. VI vil stoppe opp ei veke i 2021 og invitere alle til ulike arrangement og møteplassar med ulike tema. Programmet er stort med heile 24 arrangement over 8 dagar. Set av desse dagane til refleksjon, musikalske opplevingar, kunnskap kunnskap om aktiv aldring, gode foredrag og matfellesskap i møte mellom menneske. Veka er arrangert av Kinn kommune i samarbeid Kystmuseet, Kinn eldreråd og pensjonistlaga i kommunen. Arrangementa er opne for alle i alle aldrar.
Spørsmål om arrangementa kontakt Jorunn Bakke Nydal, Kinn kommune, tlf. 91344734 Bente Nilsen, Florø frivilligsentral, 902 22 692 Siv Anett Kupen, Vågsøy frivilligsentral, tlf. 90746471. Sjå plakat for program i Florø og Måløy nedanfor. Velkommen!
Del på:
-
Årsrapport for Florø frivilligsentral 2023 er klar og vi er stolt og kry!
Årsrapporten oppsummerar Florø frivilligsentral på ein god måte og vi er ikkje anna enn stolte av alt vi har fått til i samhandling med frivilligeheita, tenestene og innbyggarane våre! God lesning.
-
Oversikt over mange kjekke faste aktivitetar!
Vi har laga ein fin oversikt på nokon av aktivitetane som er gratis (med nokon unntak) og open for alle! Klikk på dokumentet for å sjå oversikten. Velkommen!
-
Gratis familiekino i vinterferien!
Jungelgjengen på Verdensturnè tysdag 20. februar klokka 1300. Du trenger ikkje å kjøpe billett, men berre møte opp.
-
Velkommen til internasjonalt kor!
Vi startar måndag 26. februar i Florø kyrkje.