-
Vil du være frivillig på Språkkafé?
Til høsten starter vi opp igjen språkkafé på Florø Folkebibliotek og vi treng nye frivillige.
No kan du gjere ditt lokale lag og organisasjon meir synleg for innbyggarane!
I Kinn kommune si nye løysing kan frivillige og lag og organisasjonar registrere seg for å synleggjere sine lokale arrangement, som alle i kommunen kan delta på!Tenesta tilbyr moglegheita til å:
- registrere eitt eller fleire lag med tilhøyrande kontaktinformasjon
- registrere fleire kontaktpersonar
- registrere hendingar og arrangement som visast under "Kva skjer i kommunen" på framsida vår
- få ei fullstendig oversikt over alle registrerte lag og organisasjonar i kommunen.
Det er brukarane (organisasjonane) som sjølv skal registrere, administrere og oppdatere sin eigen profil. Organisasjonen kan informere om laget si verksemd og publisere hendingar i kalenderen til kommunen.
Alle lag og organisasjonar, samt kvart einskilde arrangement, må godkjennast av kommunen før det vert synleg.
Korleis registrere deg
- Du registrerer deg enkelt ved å klikke på "ny brukar", her registrerer du navnet ditt, e-postadresse og ønska passord.
- Etter kort tid mottar du ein e-post med påloggingsinformasjon. Vidare registrerer du opplysingar om ditt lag/ organisasjon.
- Kommunen må deretter godta registreringa. Når registreringa di er godtatt kan du publisere arrangement og hendingar i kalenderen.
Del på:
-
Årsrapport Florø Frivilligsentral 2025
Årsrapporten for 2025 er klar. Vi er stolte og takknemlige for å være med å bidra til så mange flotte tilbud og aktiviteter for lokalbefolkninga.
-
Fritidserklæringa
Kinn kommune har tilbod om gratis deltaking i jamleg organisert aktivitet for barn og unge under 18 år!
-
Årsmelding fra Florø Frivilligsentral
Årsrapporten oppsummerar Florø frivilligsentral på ein god måte og vi er ikkje anna enn stolte av alt vi har fått til i samhandling med frivilligeheita, tenestene og innbyggarane våre! God lesning.
-
Nyhende, Friskus, Civis og tilskotsordningar
Vil du få med deg kva som skjer i Kinn?