-
Vil du være frivillig på Språkkafé?
Til høsten starter vi opp igjen språkkafé på Florø Folkebibliotek og vi treng nye frivillige.
Velkommen til Frivillig Florø 5. september
Ta turen til sentrum laurdag 5. september kl. 1200 - 1400. Det blir gågate og vi inviterer små og store til liv og røre med Frivillig Florø i Strandgata og på Haffen.Lag og organisasjonar viser fram sitt mangfald av aktivitetar og tilbod, fortel kva dei driv med og gjer seg synleg. Det blir musikkinnslag og organisasjonane konkurrar om å ha den beste og mest kreative standen der vinnaren får kr 5000,- til sin organisasjon. Og det ryktas at fleire av organisasjonane har hemmelege ting på gang.
Lag og organisasjonar er med på å skape identitet og tilhøyre og er utroleg viktige for samfunnet. Vi ønskjer å få satt søkelyset på frivilligheita og tilboda deira, og der de får mulegheit til å vise seg fram for nye tilflyttarar og lokale innbyggarar.
Haffen har tatt initiativ til å arrangerer «Byttekrok» der alle er velkomne til å ta med seg sko og klede som dei ikkje brukar lenger, og bytte til seg det som måtte passe. Eit svært godt og miljøvennleg initiativ. Alle som kjem blir oppmoda om å ta med seg handlenett sjølve. Det vil sjølvsagt vere rutinar for å hindre korona- smitte.
Frivillig Florø er eit samarbeid med Florø Frivilligsentral, Haffen ungdomshus og Byen vår Florø.
Vi kjem, kjem du?
Del på:
-
Årsrapport Florø Frivilligsentral 2025
Årsrapporten for 2025 er klar. Vi er stolte og takknemlige for å være med å bidra til så mange flotte tilbud og aktiviteter for lokalbefolkninga.
-
Fritidserklæringa
Kinn kommune har tilbod om gratis deltaking i jamleg organisert aktivitet for barn og unge under 18 år!
-
Årsmelding fra Florø Frivilligsentral
Årsrapporten oppsummerar Florø frivilligsentral på ein god måte og vi er ikkje anna enn stolte av alt vi har fått til i samhandling med frivilligeheita, tenestene og innbyggarane våre! God lesning.
-
Nyhende, Friskus, Civis og tilskotsordningar
Vil du få med deg kva som skjer i Kinn?