-
Open kafé i Eikefjord
Velkommen til ope kafè på Allhuset i Eikefjord. Kafeen er ope for alle mellom kl. 11 og 14.
Gratis seglas i Florø og Kalvåg området med Fjordane Friluftsråd
Bli med på ei fantastisk naturoppleving 14 - 15.oktFjordane Friluftsråd ynskjer å invitere til seglas med galeasen Loyal. Toktet kjem til å vare i 2-dagar med ei overnatting. Arrangementet er opent for alle som vil delta, og det er heilt GRATIS.
Innhald: På toktet får ein moglegheit til å oppleve nydeleg natur frå skutesida i både Kinn og Bremanger kommune. I løpet av dagane vil det vere fokus på kystkultur, kysthistorie, vi kan fiske og sette teiner samt lære grunnleggande friluftsliv. Vi vil også gå i land på ulike strender for å rydde marin forsøpling der vi finn det.
Dette er moglegheiten til å komme tett på og få fantastiske naturopplevingar, vere sosial og samstundes bidra til ein reinare natur.
Bli med!
Praktisk:
Oppmøte 14. oktober kl 16:45 på Kringleskjeret i Florø
Avgang kl 17:00, middag kort tid etter oppstart
Ankomst Kalvåg ca 18:30, deltakarar kan komme ombord her
Toktet avsluttast 15. oktober kl 16 på Kringleskjeret, deltakarar frå Bremanger går i land i Kalvåg ca 14:30.
Mat er inkludert på heile toktet
Ha med gode klede, pakkeliste vert sendt ut i forkant av seglaset
Del på:
-
Bowl - Internasjonal kafé
Det er duka for oppstart av Bowl - internasjonal kafé igjen!
-
Gårdsstell på Soldalen Besøksgård
Er du mellom 10-20 år så kan du no være med på å stelle dyra kver onsdag 18.30-19.30 på Soldalen Besøksgård.
-
Løp å søk! Kommunen lysar ut midlar
Er du eit frivillig lag eller organisasjon? Søk midar til å drifte dine aktivitetar innen 24.feb!
-
Årsmelding fra Florø Frivilligsentral
Årsrapporten oppsummerar Florø frivilligsentral på ein god måte og vi er ikkje anna enn stolte av alt vi har fått til i samhandling med frivilligeheita, tenestene og innbyggarane våre! God lesning.