Vi inviterer til opplæring i Friskus! Til deg som skapar liv og røre i lokalsamfunna våre!

15. Januar - Lag eller organisasjon? Bli med å vis fram dine aktiviteter på Friskus!

Vi inviterer til opplæring i bruk av Friskus aktivitetskalender, eit verktøy som gjer det enklare å synleggjere aktivitetar og arrangement, og som samtidig styrker inkludering og deltaking i lokalsamfunna våre. 

Kva er Friskus, og kvifor bør du delta? 
Friskus er ei digital plattform der innbyggarane kan finne informasjon om aktivitetar og arrangement. For kommunen er plattforma eit viktig verktøy for å: 

  • Synleggjere aktivitetstilbod frå lag, organisasjonar, og kommunen sine tenester. 

  • Legge til rette for auka deltaking og inkludering i nærmiljøet. 

  • Handtere tildeling av midlar til barn og unge som treng økonomisk støtte for å delta i aktivitetar. 

  • Gi lågare terskel til kommunal informasjon og tenester 

Som deltakar vil du få ei innføring i korleis du kan bruke Friskus for å planlegge, registrere og administrere aktivitetar, både som arrangør og kommunetilsett. 

Tid, stad og påmelding –  Ønsker du å delta digitalt eller berre følgje sendinga? Da kan du delta på Florø-arrangmentet 15 januar 

 Florø kan du også delta digitalt, eller berre følgje sendinga 

I festsalen på Florø kulturhus 15. januar 

  • Kl. 12.00 – 13.30 (strømming - https://kinn.kommunetv.no/live/634) 

  • Kl. 16.00 – 17.30 (strømming - https://kinn.kommunetv.no/live/635) 

Dersom du ønskjer å vere aktiv deltakar på Teams i Florø, kan du skrive inn e-postadressa di under påmeldinga – då sender vi innkalling til deg på Teams. Påmeldingslenke finn du lenger nede. Du kan også følgje sendinga digitalt i kommuneTV ved å trykke på lenkene ovanfor. 

Program 

  • Introduksjon til Friskus: Kva er det, og korleis fungerer det? 

  • Praktisk opplæring: Korleis registrere aktivitetar og lage arrangørsider. 

  • Rettleiing om tildeling av midlar: Korleis støtte familiar i behov. 

  • Tips og spørsmål: Moglegheit til å dele erfaringar og få svar på praktiske utfordringar. 

Påmelding og praktisk informasjon om samlingane 

For å delta, meld deg på innan 10. januar kl. 12.00.  

MELD DEG PÅ 

På ettermiddag/kveldstid blir det servering med mat og drikke – for å unngå matsvinn er det fint at de melder dykk på!  

Fyll inn e-postadressa di dersom du ønskjer å delta i Teams for å stille spørsmål. 

Vi håpar at både tilsette, lag, organisasjonar og alle som bidreg til aktivitet og engasjement i lokalsamfunnet, ser verdien i denne opplæringa og blir med oss for å skape eit inkluderande og levande nærmiljø! 

2024 © Florø frivilligsentral