-
Lysfest på lillesåsen med Florønissen, musikk og fyrverkeri
Lørdag 30. nov kan du bli med på ein kveld med fleire kjekke innslag
Gratis seglas i Florø og Kalvåg området med Fjordane Friluftsråd
Bli med på ei fantastisk naturoppleving 14 - 15.oktFjordane Friluftsråd ynskjer å invitere til seglas med galeasen Loyal. Toktet kjem til å vare i 2-dagar med ei overnatting. Arrangementet er opent for alle som vil delta, og det er heilt GRATIS.
Innhald: På toktet får ein moglegheit til å oppleve nydeleg natur frå skutesida i både Kinn og Bremanger kommune. I løpet av dagane vil det vere fokus på kystkultur, kysthistorie, vi kan fiske og sette teiner samt lære grunnleggande friluftsliv. Vi vil også gå i land på ulike strender for å rydde marin forsøpling der vi finn det.
Dette er moglegheiten til å komme tett på og få fantastiske naturopplevingar, vere sosial og samstundes bidra til ein reinare natur.
Bli med!
Praktisk:
Oppmøte 14. oktober kl 16:45 på Kringleskjeret i Florø
Avgang kl 17:00, middag kort tid etter oppstart
Ankomst Kalvåg ca 18:30, deltakarar kan komme ombord her
Toktet avsluttast 15. oktober kl 16 på Kringleskjeret, deltakarar frå Bremanger går i land i Kalvåg ca 14:30.
Mat er inkludert på heile toktet
Ha med gode klede, pakkeliste vert sendt ut i forkant av seglaset
Del på:
-
Julebowl - Mat og folk frå ulike kulturar
Torsdag 12.12.24 kan du bruke ettermiddagen fra 16.00-18.00 på Julebowl
-
Annakvar lørdag i Soldalen kan du kose med gårdsyrene, ri på hest og teste ut ballspel i ridehallen!
Tilbudet er heilt gratis og for barn og unge i skolealder!
-
Jul på kulturhuset
Laurdag 14. desember kl. 11 -13
-
Vi treng frivillige til vår internasjonale språk kafe
Har du mulighet til å bidra slik at fleire kan kjenne seg heime i Florø?