Velkommen til vår nye frivilligkoordinator Hanne-Cecilie!

Endeleg er Hanne-Cecilie på plass og vi ønskjer ho velkommen til kultur, idrett og fritidsavdelinga i Kinn kommune!

Hanne-Cecilie er vår nye frivilligkoordinator på inkludering i Florø Frivilligsentral. Hanne begynte i Florø Frivilligsentral 1. mars 2024 i 80% fast stilling. Hanne er samboar og har eit barn og ein hund. Ho har tidligare jobba som miljøterapeut på dagsenter for eldre og som miljøterapeut for psykisk utviklingshemmede. Ho har utdanning mellom anna innan folkehelse, som er mykje det vi jobbar med. På fritida setter Hanne pris på turar ute i naturen saman med hunden sin. Ho likar også godt å både lage mat og nyte den i godt selskap. Hanne ser fram til å jobbe tett med frivillige lag og organisasjonar i Florø og gledar seg mykje til å få bidra med å skape møteplassar og aktivitetar på tvers av alder og nasjonalitet. Hanne ser fram til å bli kjend med frivillige i Florø og til å møte masse nye mennesker i den nye jobben som frivilligkoordinator. 

2024 © Florø frivilligsentral