-
Fritidstilbod for alle barn i Kinn!
Kinn kommune har tilbod om gratis deltaking i jamnleg organisert aktivitet for barn og unge under 18 år!
BUA utstyrsentral
Hos BUA Florø kan du låne gratis sports- og friluftsutstyr. Målgruppa er barn og unge, men alle kan låne utstyr så lenge ein er over 18 år, og har registrert adresse i Norge. BUA Florø har utstyr til både land- og sjøaktivitet, til overnatting, fjelltur, leik og moro!Aldersgruppe: For alle
Alle som ynskjer å låne utstyr må registrere seg i utlånssystemet med namn, telefonnummer og e-post. Fint om du gjer dette før du kjem på: www.bua.no/registrer
Dei som er under 18 år må registrere seg som medlånetakar gjennom ein vaksenperson. Du kan ikkje bestille eller reservere utstyr.
BUA Florø held til på Havglytt, Hans Blomgate 10 i kjelleren. Kontaktinformasjon: Havglytt: 57 75 02 40
Del på:
-
Frivillig på institusjon?
Vi trenger frivillige som har lyst å bidra på institusjonane for å skape sosiale møteplassar og gode opplevingar. Du kan enten vere frivillig gjennom ein organisasjon eller direkte på institusjon.
-
Frivillige organisasjonar med kultur og aktivitetstilbod
Frivillige organisasjonar med kultur-og aktivitetstilbod som er retta mot vaksne i Florø og omegn. Florø Frivilligsentral håpar denne oversikten kan vere til hjelp i arbeidet med å ha aktive, sosiale og gode kvardagar. Har du lyst å bli frivillig eller ønskjer du meir informasjon, ta kontakt! Ein slik oversikt famnar ikkje om alle organisasjonar i kommunen, kom difor med innspel til oss!
-
Gratis leige av Kafèen på Florø Kulturhus for lag og organisajsoner
Trenger ditt lag eller oganiasjon ein møte- eller øvingsplass?
-
Lyst å gå saman med nokon på aktivitet?
Er du ein frivillig som har lyst å gå saman med nokon på kulturarrangement eller sosiale aktivitetar? Eller er du ein person som ønskjer å gå på kulturarrangement og aktivitetar, men vil ha nokon å gå saman med?