BUA utstyrsentral

Hos BUA Florø kan du låne gratis sports- og friluftsutstyr. Målgruppa er barn og unge, men alle kan låne utstyr så lenge ein er over 18 år, og har registrert adresse i Norge. BUA Florø har utstyr til både land- og sjøaktivitet, til overnatting, fjelltur, leik og moro!

Aldersgruppe: For alle

Alle som ynskjer å låne utstyr må registrere seg i utlånssystemet med namn, telefonnummer og e-post. Fint om du gjer dette før du kjem på: www.bua.no/registrer

Dei som er under 18 år må registrere seg som medlånetakar gjennom ein vaksenperson. Du kan ikkje bestille eller reservere utstyr.

BUA Florø held til i Strandgata 32 i Florø, rett ved rådhuset. Det er Florø frivilligsentral som har ansvaret for å drifte BUA. 

Kontaktinformasjon: Bente Nilsen på mobil: 90222692 eller E-post

Flere aktiviteter
2024 © Florø frivilligsentral