Bli med Flora Røde Kors TIL TOPPS 15. juni!

Vi inviterer "heile verda" med på fjelltur til Raudmelen i Balestrand.


Til topps er eit arrangement der målet er å bli integrert gjennom å oppleve meistring i norsk natur, denne gongen gjennom å nå toppen av fjellet Raudmelen.   

Målgruppa for arrangementet er immigrantar i Sogn og Fjordane, det vil seie både asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar. Nedre aldersgrense er 10 år.

Vil du vere deltakar, frivillig lagleiar eller få med deg deltakarar frå ditt lokalmiljø? Flora Frivilligsentral koordinerar påmelding og organisering. Målet er å sende ein heil buss frå Flora Til Topps! Ta kontakt med Siri L. Stavang på mobil: 458 77 783

Les meir om turen på Sogn og Fjordane Røde Kors sine heimesider: https://www.rodekors.no/om/lf-dk/sogn-og-fjordane/om/aktivitetar/til-topps-sogn-fjordane-balestrand-2019/


2024 © Florø frivilligsentral