-
Friluftsskule 2024
Barn og unge skal bli glade i friluftsliv!
Fleire gratisaktivitetar for barn og unge i haustferien i Florø!
Skating, familiekino, handballskule, ungdomsfilm, pizza, brus og lysshow. Det er berre å glede seg! Søk også opp vår facebookside der vi har lagt ut tilboda som arrangement. Gratis Handballskule for dei med behov (1-7 kl.) 5 - 7. oktober, kl. 09-14 (påmelding innan 1. okt: akforsa@online.no)
Informasjon og påmelding handballskulen
• Gratis kino ungdom tysdag 6. oktober, kl. 2000 (12 års grense): «After we collided»
• Gratis familiefilm torsdag 8. oktober, kl. 1300 (6 års grense): «Tottori»
• Open Skatepark for ungdom (frå 8. klasse) torsdag 8. oktober, kl. 1900 gratis pizza, brus og snacks (NB- forbehald om dårleg ver)
Florø frivilligsentral på facebook
Vi takkar på førehand for at du deler i ditt nettverk, spesielt for at du informerer dei familiane, barn og unge med spesielt behov for ei kjekk oppleving!
Del på:
-
Vi trenger glade hender og mjuke knær!
Takk til Florø Rotary for flott initiativ til å invitere til dugnad i kirkeparken. Sjå plakat for meir informasjon. Velkommen!
-
Visste du at Kinn har sin eigen lokale fritidserklæring?
Fritidserklæringen skal sikre at alle barn har tilbod om organisert aktivitet på tross av økonomiske eller sosiale utfordringar. Frivilligsentralane i Kinn koordinerar dette arbeidet i samarbeid med frivillige organisasjonar og tenestene i kommunen. Om du kjenner eit barn som ikkje er organisert i noko fritidstilbod, så ta gjerne kontakt med oss!
-
Velkommen til vår nye frivilligkoordinator Hanne-Cecilie!
Endeleg er Hanne-Cecilie på plass og vi ønskjer ho velkommen til kultur, idrett og fritidsavdelinga i Kinn kommune!
-
Årsrapport for Florø frivilligsentral 2023 er klar og vi er stolt og kry!
Årsrapporten oppsummerar Florø frivilligsentral på ein god måte og vi er ikkje anna enn stolte av alt vi har fått til i samhandling med frivilligeheita, tenestene og innbyggarane våre! God lesning.