-
Friluftsskule 2024
Barn og unge skal bli glade i friluftsliv!
Florø skoles musikkorps inviterar til gratis aspirant og aktivitetstilbod - KORPS UNITED
Florø frivilligsentral har over to år samarbeida med Florø skoles musikkorps, der man ønskjer å inkludere flest mogleg ved å skape eit godt sosialt miljø, lære å spele eit instrument gjere noko kjekt på fritida. Her er ingen reservebenk og alle er like viktige! Sjå plakat for meir informasjon og meld på ditt barn i lenka. Alder: 8 år og oppover.Del på:
-
Vi trenger glade hender og mjuke knær!
Takk til Florø Rotary for flott initiativ til å invitere til dugnad i kirkeparken. Sjå plakat for meir informasjon. Velkommen!
-
Visste du at Kinn har sin eigen lokale fritidserklæring?
Fritidserklæringen skal sikre at alle barn har tilbod om organisert aktivitet på tross av økonomiske eller sosiale utfordringar. Frivilligsentralane i Kinn koordinerar dette arbeidet i samarbeid med frivillige organisasjonar og tenestene i kommunen. Om du kjenner eit barn som ikkje er organisert i noko fritidstilbod, så ta gjerne kontakt med oss!
-
Velkommen til vår nye frivilligkoordinator Hanne-Cecilie!
Endeleg er Hanne-Cecilie på plass og vi ønskjer ho velkommen til kultur, idrett og fritidsavdelinga i Kinn kommune!
-
Årsrapport for Florø frivilligsentral 2023 er klar og vi er stolt og kry!
Årsrapporten oppsummerar Florø frivilligsentral på ein god måte og vi er ikkje anna enn stolte av alt vi har fått til i samhandling med frivilligeheita, tenestene og innbyggarane våre! God lesning.