-
Friluftsskule 2024
Barn og unge skal bli glade i friluftsliv!
Kinn kommune har fått handlingsplan for frivilligheit!
Kinn kommunestyre vedtok 15. desember samrøystes handlingsplan for frivilligheit. Målet med handlingsplanen er å legge til rette for samarbeid mellom kommune og frivilligheita på ein strukturert og langsiktig måte.Det overordna målet er å styrke frivilligheita i kommunen og å gje frivilligheita moglegheit til sjølvstendig arbeid og utvikling, og til betra dialog og samspel med Kinn kommune. Kommunen skal ikkje ta over frivillig arbeid, men vere med å tilrettelegge for eksisterande og framtidig frivilligheit. Her kan du lese saka:Politisk sak handlingsplan for frivilligheit
Her kan du lese sjølve planen i Framsikt: Handlingsplan for frivilligheit
Del på:
-
Vi trenger glade hender og mjuke knær!
Takk til Florø Rotary for flott initiativ til å invitere til dugnad i kirkeparken. Sjå plakat for meir informasjon. Velkommen!
-
Visste du at Kinn har sin eigen lokale fritidserklæring?
Fritidserklæringen skal sikre at alle barn har tilbod om organisert aktivitet på tross av økonomiske eller sosiale utfordringar. Frivilligsentralane i Kinn koordinerar dette arbeidet i samarbeid med frivillige organisasjonar og tenestene i kommunen. Om du kjenner eit barn som ikkje er organisert i noko fritidstilbod, så ta gjerne kontakt med oss!
-
Velkommen til vår nye frivilligkoordinator Hanne-Cecilie!
Endeleg er Hanne-Cecilie på plass og vi ønskjer ho velkommen til kultur, idrett og fritidsavdelinga i Kinn kommune!
-
Årsrapport for Florø frivilligsentral 2023 er klar og vi er stolt og kry!
Årsrapporten oppsummerar Florø frivilligsentral på ein god måte og vi er ikkje anna enn stolte av alt vi har fått til i samhandling med frivilligeheita, tenestene og innbyggarane våre! God lesning.