-
Friluftsskule 2024
Barn og unge skal bli glade i friluftsliv!
Vellykka fiskesommar med Flora Jeger og fiskeforening!
Søndag 9. august reiste 50 personar til Svidalsneset i Jølster i fint sommarvær.Folk kosa seg og bada i det iskalde vatnet. Flora Jeger og fiskeforening grilla laks og frivilligsentralen varta opp med grilla pølse med brød. Bussturane er veldig populære og ein dag etter at invitasjonen vart sendt ut, var det fullbooka. Familiane syns det er veldig kjekt å få reist litt ut av kommunen og ha gode opplevingar saman som familie. Florø frivilligsentral takkar Flora Jeger og Fiskeforening sine frivillige for initiativet!
Del på:
-
Vi trenger glade hender og mjuke knær!
Takk til Florø Rotary for flott initiativ til å invitere til dugnad i kirkeparken. Sjå plakat for meir informasjon. Velkommen!
-
Visste du at Kinn har sin eigen lokale fritidserklæring?
Fritidserklæringen skal sikre at alle barn har tilbod om organisert aktivitet på tross av økonomiske eller sosiale utfordringar. Frivilligsentralane i Kinn koordinerar dette arbeidet i samarbeid med frivillige organisasjonar og tenestene i kommunen. Om du kjenner eit barn som ikkje er organisert i noko fritidstilbod, så ta gjerne kontakt med oss!
-
Velkommen til vår nye frivilligkoordinator Hanne-Cecilie!
Endeleg er Hanne-Cecilie på plass og vi ønskjer ho velkommen til kultur, idrett og fritidsavdelinga i Kinn kommune!
-
Årsrapport for Florø frivilligsentral 2023 er klar og vi er stolt og kry!
Årsrapporten oppsummerar Florø frivilligsentral på ein god måte og vi er ikkje anna enn stolte av alt vi har fått til i samhandling med frivilligeheita, tenestene og innbyggarane våre! God lesning.