Vi klarte det!. Saman

Når mange gode folk jobbar mot eit felles mål, da kan vi få til det meste! Ein gullmedalje til alle som har bidrege! I fire år har daglige leiarar i landets frivilligsentralar, lokalpolitikarar, støttespillarar og styret i Norges Frivilligsentraler jobba for ei reversering av Stortinget sitt vedtak i 2016 som fjerna den økonomiske tryggheten og forutsigbarheten som har vore grunnlaget for sentralane sin store suksess.

17. juni vart denne innsatsen belønna med seier! Stortinget vedtok at tilskotet til frivilligsentralane skal øyremerkast og utbetalast over kulturdepartementet sitt budsjett.
Norges Frivilligsentraler er djupt takknemlige for den tilliten som blir vist oss og vi gleder oss til å fortsette arbeidet i samarbeid med folkevalde og kommunar i hele landet.
Her kan du lese kva som vart sagt om frivilligsentralane i Stortingsdebatten om kommuneproposisjonen for 2021.

2024 © Florø frivilligsentral