-
Friluftsskule 2024
Barn og unge skal bli glade i friluftsliv!
Vil du ha besøk? Eller kanskje du vil bli frivillig?
Du treng ikkje vere åleine eller einsam. Vi har eit nytt tilbod til deg som vil kome i kontakt med nokon. Du kan sjølv bestemme kva du ønskjer å finne på.Forsking viser at sosial isolasjon gjev større fare for helseutfordringar. Fleire kontaktpunkt i løpet av veka fremmar gode psykososiale forhold. Situasjonen med Covid-19 har for mange lagt ein dempar på møte mellom menneske, og særleg eldre er utsatt for sosial isolasjon. Det treng ikkje vere slik. Det er fleire måtar ein trygt kan vere i lag med andre på; gjennom telefonsamtalar, samtale med naboen over hekken, eller gå ein tur med trygg avstand til kvarandre.
Les meir om tilbodet på Kinn kommune sine nettsider: Kinn kommune Vil du ha besøk?
Her kan du lese meir om opplæring av frivillige i omsorg: https://floro.frivilligsentral.no/nyhet?velkommen-til-oppl%C3%A6ring-for-frivillige-i-flor%C3%B8&Id=35141
Del på:
-
Vi trenger glade hender og mjuke knær!
Takk til Florø Rotary for flott initiativ til å invitere til dugnad i kirkeparken. Sjå plakat for meir informasjon. Velkommen!
-
Visste du at Kinn har sin eigen lokale fritidserklæring?
Fritidserklæringen skal sikre at alle barn har tilbod om organisert aktivitet på tross av økonomiske eller sosiale utfordringar. Frivilligsentralane i Kinn koordinerar dette arbeidet i samarbeid med frivillige organisasjonar og tenestene i kommunen. Om du kjenner eit barn som ikkje er organisert i noko fritidstilbod, så ta gjerne kontakt med oss!
-
Velkommen til vår nye frivilligkoordinator Hanne-Cecilie!
Endeleg er Hanne-Cecilie på plass og vi ønskjer ho velkommen til kultur, idrett og fritidsavdelinga i Kinn kommune!
-
Årsrapport for Florø frivilligsentral 2023 er klar og vi er stolt og kry!
Årsrapporten oppsummerar Florø frivilligsentral på ein god måte og vi er ikkje anna enn stolte av alt vi har fått til i samhandling med frivilligeheita, tenestene og innbyggarane våre! God lesning.