Lyst å gå saman med nokon på aktivitet?

Er du ein frivillig som har lyst å gå saman med nokon på kulturarrangement eller sosiale aktivitetar? Eller er du ein person som ønskjer å gå på kulturarrangement og aktivitetar, men vil ha nokon å gå saman med?

Aldersgruppe: For alle

Bli ein frivillig

Likar du å gå på kulturarrangement og andre sosiale aktivitetar? Kan du tenkje deg å ha følgje med nokon andre som også likar å gå på kulturarrangement og sosiale aktivitetar, men som av ulike grunnar ikkje kjem seg ut sjølv? Vi trenger frivillige som er litt sosiale, som har lyst å hjelpe andre som trenger å komme seg ut og få gode opplevingar og kvardagar!

Få ein frivillig

Likar du å gå på kulturarrangement og sosiale aktivitetar, men er litt redd for å gå aleine? Kulturopplevingar er bra for kroppen og veldig sosialt! Registrer deg her, dersom du ønskjer nokon å gå saman med:  Skjema Kinn kommune


2024 © Florø frivilligsentral