Fritidstilbod for alle barn i Kinn!

Kinn kommune har tilbod om gratis deltaking i jamnleg organisert aktivitet for barn og unge under 18 år!

Aldersgruppe: 6 til 18 år

Fritidserklæringa vart signert av Statsministeren, fleire statsråder, KS, Norges Idrettsforbund m.fl. i 2016 og på nytt i 2022.   Denne seier at alle barn og unge skal få sjansen til å delta på fritidsaktivitet uavhengig av foreldre sin sosiale eller økonomiske situasjon.

Skal vi nå dette målet må vi samarbeide om å bygge ned barrierar for deltaking. Alle barn og unge må inkluderast på lik linje, uavhengig av til dømes kjønn, etnisitet, religion, seksuell orientering, funksjonsevne, bustad og foreldra sin sosiale og økonomiske situasjon. 

For å lukkast med arbeidet må vi alle gjere ein innsats, både tilsette i kommunen og frivillige lag og organisasjonar. Difor må vi samarbeide om å gje god og tilpassa informasjon til barn, ungdom og føresette som står utanfor dei organiserte fritidstilboda. Kinn kommune har fått midlar av kommunestyret som gjer til at vi kan støtte barn og unge med å vere med på jamnleg organisert aktivitet i lag og organisasjonar. Det er frivilligsentralane i kommunen som har ansvaret for å koordinere dette arbeidet. 

Kjenner du eit barn eller ein ungdom som kan trenge eit kjekt fritidstilbod som til dømes synge i kor, delta i idrett, på speidaren, i kulturskulen, i korps, drillen eller motorsport osb? Ta kontakt med oss! Vårt mål er at alle skal få eit tilbod på fritida si. 

Florø Frivilligsentral:

Hanne-Cecilie Sande, Frivilligkoordinator inkludering, 45877783 / hannececilie.sande@kinn.kommune.no

Bente Nilsen, Leiar, 90222692 / bente.nilsen@kinn.kommune.no 

Få informasjon og følg oss på facebook: https://www.facebook.com/florofrivilligsentral eller nettsida: https://floro.frivilligsentral.no/     

Vågsøy Frivilligsentral: 

Siv Anett Kupen, Leiar, 90746471 / siv.anett.kupen@kinn.kommune.no                                                  

Få informasjon og følg oss på facebook: https://www.facebook.com/vagsoyfrivilligsentral eller nettsida: https://vagsoy.frivilligsentral.no

Les meir om fritidserklæringen her: Fritidserklæringen


2024 © Florø frivilligsentral