Røde Kors besøksvenn

Ønskjer du ein besøksvenn eller vil du bli besøksvenn?

Vil du bli besøksvenn?
Som besøksvenn blir du sett i kontakt med menneske som av ulike grunnar ønskjer nokon å snakke med, og du bidreg til å gjere kvardagen lettare for einsame i alle aldrar. Vi driv ikkje oppsøkande verksemd, men besøkjer dei som ønskjer det. 

Ønskjer du ein besøksvenn?
Ein besøksvenn er ein frivillig frå Røde Kors som kjem heim til deg. Einsemda kan råke alle. Det er opp til deg, og behova dine, kva innhaldet i besøket skal vere, men det kan til dømes vere turar, kafébesøk eller rett og slett ein prat i heimen. Du kan registrere deg her, dersom du ønskjer ein besøksvenn:  https://kinn.onacos.no/skjema/skjema/KINN032/



2021 © Florø frivilligsentral